Logo
🔍

Salmenes bok 53 N78NN

« Dåren skal verta til skammar

1. Til korleiaren. Etter «Mahalat». Ein læresalme av David.

2. Dåren seier i sitt hjarta: «Det er ingen Gud.» Vond og stygg er deira ferd, det finst ikkje éin ¬som gjer godt.

3. Frå himmelen skodar Gud ned på menneska. Han vil sjå ¬om det finst nokon vitug, nokon som søkjer Gud.

4. Alle har falle frå Gud, alle er dei vonde. Det finst ikkje éin ¬som gjer godt, ikkje ein einaste.

5. Skjønar dei då ingen ting, desse ugjerningsmennene? Dei sluker mitt folk ¬som ein et opp brød, og kallar ikkje på Gud.

6. Men dei skal skjelva av redsle, dei som aldri var redde. For Gud skal strøya ut beina av dei som fylkar seg mot deg. Du lèt dei verta til skammar. Ja, Gud har vraka dei.

7. Å, gjev det må koma frelse for Israel frå Sion! Når Gud vender lagnaden ¬for sitt folk, skal Jakob jubla ¬og Israel gleda seg.

»