Logo
🔍

Salmenes bok 54 N78NN

« Gud er min hjelpar

1. Til korleiaren. Med strengespel. Ein læresalme av David,

2. då mennene frå Sif kom og sa til Saul: «David held seg løynd hjå oss.»

3. Frels meg ved ditt namn, Gud, og hjelp meg til min rett ¬med di kraft!

4. Høyr mi bøn, Gud, vend øyra til dei ord eg talar!

5. For framande har reist seg ¬mot meg, valdsmenn står meg etter livet. Dei bryr seg ikkje om Gud. Sela

6. Men sjå, Gud er min hjelpar, det er Herren ¬som held meg oppe.

7. Gjev han må la ulukka ¬koma over mine fiendar! Gjer ende på dei i din truskap!

8. Med viljug hjarta ¬skal eg ofra til deg og prisa ditt namn, Herre, for du er god.

9. Herren friar meg ut ¬or all naud, eg får sjå at mine fiendar fell.

»