Logo
🔍

Salmenes bok 55 N78NN

« Kast di bør på Herren!

1. Til korleiaren. Med strengespel. Ein læresalme av David.

2. Høyr mi bøn, Gud, løyn deg ikkje ¬når eg tryglar og bed.

3. Akta på meg og gjev meg svar! Eg får ikkje ro for mi sut. Eg er heilt ifrå meg

4. når fienden ropar, og dei gudlause ¬trykkjer meg ned. For dei velter vondskap ¬over meg, rasande går dei laus på meg.

5. Mitt hjarta skjelv i barmen, dødsangst kjem over meg.

6. Otte og age fyller meg, og heile kroppen skjelv.

7. Eg tenkte: ¬Hadde eg venger som dua, då flaug eg bort ¬og fann meg ein bustad.

8. Langt av garde ville eg røma og halda til i øydemarka. Sela

9. Eg ville skunda meg i livd for storm og rykande uver.

10. Skap redsle og rådløyse, Herre, og kløyv deira tunger! For eg ser berre vald ¬og strid i byen.

11. Dag og natt går dei ikring han oppå murane. Vondskap og urett rår i byen,

12. han er full av rotenskap. Frå torget der ¬vik ikkje vald og svik.

13. Det er ikkje ein fiende ¬som spottar meg – det kunne eg nok tola, ingen uven ¬som audmykjer meg – då ville eg gøyma meg ¬for han.

14. Nei, det er du, min likemann, min gode ven og kjenning,

15. – vi som hadde det godt i lag og gjekk i festtog til Guds hus.

16. Lat døden koma over dei, lat dei levande fara ¬til dødsriket! For vondskap har dei ¬i heim og hug.

17. Men eg vil ropa til Gud, og Herren skal frelsa meg.

18. Både kveld og morgon ¬og midt på dagen må eg klaga og sukka. Han vil høyra når eg ropar,

19. fria meg frå striden ¬og gje meg fred, endå mange går imot meg.

20. Gud skal høyra meg ¬og audmykja dei, han som frå eldgamal tid ¬sit på trona. Sela For dei snur ikkje om og har ikkje age for Gud.

21. Fienden legg hand ¬på sine vener, skamlaust bryt han si pakt.

22. Hans tale er sleipare enn smør, men i hjarta ¬tenkjer han på strid. Hans ord er mildare enn olje, likevel er dei ¬som dregne sverd.

23. Kast di bør på Herren, han vil syta for deg! Aldri i æve skal han la den rettferdige rikkast.

24. Men du, Gud, støyt drapsmenn og svikarar ned i den djupe grav, så dei berre får helvta ¬av sine dagar. Men eg set mi lit til deg.

»