Logo
🔍

Salmenes bok 56 N78NN

« Kva kan menneske gjera meg?

1. Til korleiaren. Etter «Dua i terebintene langt borte». Ein miktam av David, då filistarane greip han i Gat.

2. Ver meg nådig, Gud! Folk vil meg til livs, stridsmenn trengjer meg ¬heile dagen.

3. Stendig høgg mine fiendar ¬etter meg, mange strider mot meg ¬i hovmod.

4. Når eg er redd, ¬vil eg lita på deg,

5. med Guds hjelp ¬skal eg prisa hans ord. Eg har tillit til Gud ¬og er ikkje redd. Kva kan vel menneske ¬gjera meg?

6. Dagen lang vil dei ¬skada mi sak, dei tenkjer på ¬å gjera meg vondt.

7. Dei slår seg saman ¬og lurer på meg, ja, dei vaktar mine steg, for dei ynskjer å ta mitt liv.

8. Men dei slepp ikkje unna, ¬for dei er vonde. Støyt folkeslag ned ¬i din vreide, Gud!

9. Du har skrive opp korleis eg flakka ikring; mine tårer har du samla ¬i di flaske. Står det ikkje i di bok?

10. Så skal mine fiendar ¬dra seg tilbake den dagen eg ropar. Det veit eg, at Gud er ¬med meg.

11. Med Guds hjelp ¬skal eg prisa hans ord, ja, ved Herren prisar eg ordet.

12. Eg lit på Gud og er ikkje redd. Kva kan vel menneske ¬gjera meg?

13. Eg må gjera ¬det eg har lova deg, Gud, eg vil koma til deg ¬med takkoffer.

14. For du har berga mitt liv ¬frå døden og fria min fot frå å snåva. Så kan eg ferdast for Guds åsyn ¬i livsens ljos.

»