Logo
🔍

Salmenes bok 57 N78NN

« Vis deg høg over himmelen, ¬Gud!

1. Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam av David, då han rømde for Saul og gøymde seg i hola.

2. Ver meg nådig, Gud, ¬ver meg nådig! For eg flyr til deg. I skuggen av dine venger finn eg livd til ulukka ¬er over.

3. Eg ropar til Gud, Den Høgste, til Gud ¬som fullfører verket for meg,

4. at han må senda meg hjelp ¬frå himmelen, setja støkk i dei ¬som vil meg til livs, Sela og visa meg miskunn ¬og truskap.

5. Eg må liggja midt ¬imellom løver som vil gløypa menneske. Deira tenner er ¬som spyd og piler, deira tunge ¬som kvasse sverdet.

6. Vis deg høg ¬over himmelen, Gud, vis din herlegdom ¬over all jorda!

7. Dei sette garn for mine føter, djupt bøygde dei meg ned. Dei grov ei fallgrav for meg, men sjølve fall dei ned ¬i henne. Sela

8. Mitt hjarta er roleg, Gud, mitt hjarta er roleg. Eg vil syngja og spela.

9. Vakna, mi sjel, vakna, harpe og lyre! Morgonroden vil eg vekkja.

10. Eg vil prisa deg ¬mellom folka, Herre, lovsyngja deg ¬mellom folkeslag.

11. Stor er di miskunn, ¬til himmelen når ho, til skyene rekk din truskap.

12. Vis deg høg ¬over himmelen, Gud, vis din herlegdom ¬over all jorda!

»