Logo
🔍

Salmenes bok 58 N78NN

« Gud skal døma dei vonde

1. Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam av David.

2. Talar de verkeleg rett, de mektige menn? Dømer de menneska ¬rettferdig?

3. Nei, med vilje ¬gjer de urett på jorda, med hendene banar de ¬veg for vald.

4. Dei gudlause ¬har vendt seg bort frå Gud, heilt frå si fødestund; lygnarane har fare vilt sidan dei kom frå mors liv.

5. Dei har gift i seg liksom ormen, dei er døve som ein orm ¬når han lèt att øyra

6. og ikkje vil høyra ¬på ormetemjaren, eller på den ¬som kan kunsten å mana.

7. Gud, slå tennene ut ¬or deira munn, bryt tanngarden sund ¬på løvene, Herre!

8. Lat dei kverva ¬som rennande vatn! Lat dei berre spenna bogen – pilene er utan kraft.

9. Lat dei verta lik snigelen som løysest opp i slim ¬der han kryp, lik det ufullborne foster som aldri såg sola.

10. Enno før grytene deira kjenner varmen ¬frå klungerriset, føykjest dei bort, anten kjøtet er rått eller kokt.

11. Men den rettferdige ¬skal gleda seg når han ser at han får hemn. Han skal vaska sine føter i blodet av dei gudlause.

12. Då skal menneska seia: «Ja, den rettferdige får si løn. Det er Gud ¬som dømer på jorda.»

»