Logo
🔍

Salmenes bok 59 N78NN

« Fri meg, Gud, ¬frå mine fiendar!

1. Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam av David, då Saul sende folk som skulle vakta på huset og freista drepa han.

2. Fri meg, Gud, ¬frå mine fiendar, vern meg mot dei ¬som reiser seg mot meg!

3. Fri meg frå folk ¬som fer med vondskap, og frels meg frå drapsmenn!

4. For sjå, dei ligg og lurer ¬på meg, sterke menn går til strid ¬imot meg. Utan at eg har forbrote meg, ¬Herre,

5. utan at eg har synd ¬eller skuld, stormar dei fram ¬og fylkar seg til strid. Vakna, kom til meg og sjå!

6. Herre, Allhærs Gud, du er då Israels Gud. Vakna og krev ¬alle folk til rekneskap, ver ikkje nådig ¬mot trulause nidingar! Sela

7. Dei kjem att kvar kveld; dei hyler som hundar og fer ikring i byen.

8. Høyr, kor dei brukar munn, lippene deira er som sverd. Er det nokon som høyrer?

9. Men du, Herre, ler åt dei, du spottar alle folkeslag.

10. Eg vil akta på deg, ¬min styrke; Gud er mi faste borg.

11. Min Gud møter meg ¬med si miskunn, han lèt meg sjå ¬at mine fiendar fell.

12. Drep dei ikkje, så mitt folk ikkje gløymer det! Bruk makt, ¬så dei må flakka ikring, og støyt dei ned, Herre, ¬du vårt skjold!

13. Kvart ord dei tek i sin munn, ¬er synd. Lat dei fangast ¬i sitt eige hovmod fordi dei fer ¬med forbanning og lygn.

14. Gjer ende på dei i din harme, gjer ende på dei, ¬så dei vert til inkjes. Då skal folket skjøna at det er Gud som rår i Jakob, ja, radt til heimsens ende. Sela

15. Dei kjem att kvar kveld; dei hyler som hundar og fer ikring i byen.

16. Dei flakkar om, vil finna mat, og knurrar ¬når dei ikkje vert mette.

17. Men eg vil syngja om di makt og jubla kvar morgon ¬over din truskap. For meg har du vorte ei borg, ei tilflukt den dag eg er i naud.

18. Eg vil syngja for deg, ¬min styrke; for Gud er mi faste borg, min Gud som viser miskunn.

»