Logo
🔍

Salmenes bok 6 N78NN

« Naudrop til Gud

1. Til korleiaren. Med strengespel. Etter «Den åttande». Ein Davids- salme.

2. Herre, refs meg ikkje ¬i din vreide, og tukt meg ikkje i din harme!

3. Ver meg nådig, Herre, ¬for eg er kraftlaus. Læk meg, Herre, ¬eg er djupt forfærd.

4. Mi sjel er gripen av redsle. Kor lenge, Herre?

5. Herre, vend deg hit ¬og fri meg ut, frels meg i di miskunn!

6. For ingen av dei døde ¬kjem deg i hug. Kven prisar vel deg i dødsriket?

7. Eg er trøytt av å sukka, med tårer væter eg mi lege, eg græt kvar natt, ¬så senga er våt.

8. Mitt auga er sløvt av bitter sorg og dimt av all den motstand ¬eg møter.

9. Vik frå meg, ¬alle ugjerningsmenn, for Herren har høyrt min gråt.

10. Herren høyrde ¬då eg trygla og bad, han har teke imot mi bøn.

11. Alle mine fiendar ¬skal verta til skammar. Dei skal gripast av redsle og brått snu om med skam.

»