Logo
🔍

Salmenes bok 60 N78NN

« Har Gud vraka Israel?

1. Til korleiaren. Etter «Vitnemåls-lilja». Ein miktam. Til lærdom. Av David,

2. då han låg i strid med aramearane frå Mesopotamia og aramearane frå Soba, og Joab kom att og slo tolv tusen edomittar i Saltdalen.

3. Du har støytt oss bort, Gud, ¬og slege oss. Du var harm, ¬men reis oss opp att!

4. Du lét landet skjelva og rivna. Bøt no brestene! ¬Det står for fall.

5. Du lét folket ditt lida hardt, og gav oss ein vin så vi tumla.

6. Men for dei som ottast deg, har du reist ei fane; dit kan dei røma for bogen. Sela

7. Hjelp oss med di høgre hand, svar oss, ¬så dine kjære vert berga.

8. Gud har tala i sin heilagdom: «Med jubel ¬vil eg skifta ut Sikem og mæla opp Sukkot-dalen.

9. Meg høyrer Gilead ¬og Manasse til, Efraim er hjelmen ¬på mitt hovud, og Juda er min styrarstav.

10. Men Moab er mitt vaskefat, på Edom kastar eg min sko. Eg triumferer ¬over Filistarlandet.»

11. Kven fører meg ¬til festningsbyen, kven leier meg til Edom?

12. Er det ikkje du, Gud, ¬som vraka oss og ikkje drog ut ¬med våre hærar?

13. Gjev oss hjelp mot fienden! Hjelp frå menneske ¬duger ikkje.

14. Med Guds hjelp ¬skal vi gjera storverk. Han skal trakka ¬våre fiendar ned.

»