Logo
🔍

Salmenes bok 61 N11NN

«

1. Til korleiaren. Med strengespel. Av David.

2. Høyr mitt rop, Gud, lytt til mi bøn!

3. Frå enden av jorda ropar eg til deg medan hjartet veiknar. Før meg opp på eit berg som er høgare enn eg.

4. For du har vore mi tilflukt, eit tårn til vern mot fienden.

5. Lat meg alltid få bu i ditt telt, søkja tilflukt i ly av dine venger! Sela

6. For du, Gud, har høyrt mine lovnader og gjeve dei som fryktar ditt namn, deira arv.

7. Legg fleire dagar til kongens dagar, så hans år må vara i slekt etter slekt.

8. Lat han trona evig for Gud, lat miskunn og truskap verna han!

9. Så skal eg alltid lovsyngja ditt namn og dagleg oppfylla mine lovnader.

»