Logo
🔍

Salmenes bok 62 N78NN

« Mi frelse kjem frå Gud

1. Til korleiaren. Etter Jedutun. Ein Davids-salme.

2. Einast i von til Gud ¬er mi sjel still, mi frelse kjem frå han.

3. Einast han ¬er mitt fjell og mi frelse; han er mi borg, ¬eg skal ikkje rikkast.

4. Kor lenge vil de, alle i hop, gå laus på ein mann ¬for å drepa han, som når ein stormar ¬mot ein lutande vegg eller ein falleferdig mur?

5. Ja, dei legg planar ¬om å støyta han ned, ned frå hans høgd ¬– dei elskar svik. Med munnen velsignar dei, men i sitt hjarta ¬forbannar dei. Sela

6. Ver still for Gud, mi sjel! Frå han kjem mi von.

7. Einast han ¬er mitt fjell og mi frelse; han er mi borg, ¬eg skal ikkje rikkast.

8. Mi frelse og mi ære har sin grunn i Gud. Han er mitt faste fjell, eg flyr til han.

9. Lit alltid på Gud, de folk, renn ut for han ¬det som fyller hjarta! Gud er ei livd for oss. Sela

10. Menneske er som ein pust, menneskeborn sviktar; på vektskåla vippar dei opp, dei er alle lettare enn luft.

11. Set ikkje lit til vald eller fåfengd von til rov! Om rikdomen aukar, så lat ikkje det fanga din hug!

12. Éin gong har Gud tala til meg, ja, to gonger har eg høyrt at det er Gud ¬som har makta,

13. og at du er trufast, Herre. For du løner kvar og ein etter det han har gjort.

»