Logo
🔍

Salmenes bok 63 N78NN

« Di miskunn er betre enn livet

1. Ein salme av David, då han var i Juda-øydemarka.

2. Gud, du er min Gud, ¬som eg søkjer. Mi sjel tyrstar etter deg, min lekam stundar etter deg i det aude, turre ¬og vasslause landet.

3. Så skodar eg deg ¬i heilagdomen og ser di makt ¬og din herlegdom.

4. For di miskunn ¬er betre enn livet. Mine lipper skal syngja ¬din pris.

5. Så vil eg lova deg ¬heile mitt liv og lyfta mine hender ¬i ditt namn.

6. Då mettast mi sjel ¬som med feite retter, med jublande lipper ¬prisar eg deg.

7. Eg tenkjer på deg ¬når eg ligg og kviler, og grundar på deg ¬kvar nattevakt.

8. For du har vore ¬ei hjelp for meg, eg jublar ¬i skuggen av dine venger.

9. Mi sjel heng fast ved deg, du held meg oppe ¬med di høgre hand.

10. Men dei som står meg ¬etter livet, skal fara ned i jordedjupet.

11. Dei skal gjevast over ¬til sverds makt og verta til rov for sjakalar.

12. Men kongen skal gleda seg ¬i Gud. Alle som sver ved han, ¬skal jubla når lygnarane vert målbundne.

»