Logo
🔍

Salmenes bok 64 N11NN

«

1. Til korleiaren. Ein salme av David.

2. Høyr meg, Gud, når eg bed, vern mitt liv når fienden skremmer!

3. Gøym meg for banden av valdsmenn, for hopen av dei som gjer urett.

4. Dei kvesser si tunge som eit sverd og siktar inn pilene, dei beiske orda.

5. Frå bakhald vil dei skyta den skuldlause. Brått skyt dei han, dei er ikkje redde.

6. Dei styrkjer kvarandre med vonde ord. Dei talar om å setja snarer og seier: «Ingen vil sjå dei.»

7. Dei tenkjer ut vondskap. «No er vi klare, tanken er tenkt, det er store djup i menneskehjartet!»

8. Men Gud skyt dei med piler, brått blir dei råka.

9. Han fører dei til fall, deira eiga tunge rammar dei. Alle som ser dei, blir skaka.

10. Alle menneske blir gripne av frykt. Dei kunngjer Guds verk og skjønar det han har gjort.

11. Den rettferdige gleder seg i Herren og søkjer tilflukt hos han. Den ærlege av hjartet prisar seg lukkeleg.

»