Logo
🔍

Salmenes bok 64 N78NN

« Vern mitt liv mot fiendar!

1. Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2. Høyr mi røyst ¬når eg klagar, Gud, vern mitt liv ¬mot skræmande fiendar!

3. Gøym meg for dei vonde ¬som legg planar mot meg, for den bråkande hopen ¬av ugjerningsmenn.

4. Dei kvesser si tunge ¬som eit sverd og siktar på skuldfri mann med beiske ord som piler;

5. dei vil skyta han i løynd. Brått skyt dei han ¬og reddast ikkje.

6. Fast er dei rådde på sin udåd. Dei talar om ¬å setja løynde feller og seier: ¬«Kven kan vel sjå dei?»

7. Dei tenkjer berre på vondskap: «Vi er budde, ¬planen er uttenkt.» Uransakande er mennesket ¬i hjarta og hug.

8. Då skyt Gud ei pil imot dei, brått vert dei råka.

9. Deira eiga tunge ¬har ført dei til fall. Alle som ser dei, ¬rister på hovudet.

10. Alle menneske vert forfærde. Dei fortel om Guds gjerning og skjønar det verket han gjer.

11. Den rettferdige gleder seg ¬i Herren og søkjer livd hjå han. Alle ærlege av hjarta ¬prisar seg lukkelege.

»