Logo
🔍

Salmenes bok 66 N78NN

« Kom og sjå Guds gjerningar!

1. Til korleiaren. Ein song. Ein salme. Lat hyllingsrop lyda for Gud, ¬all jorda,

2. og syng om hans ¬herlege namn! Lovsyng Guds herlegdom

3. og sei til han: «Kor agelege ¬dine gjerningar er!» Di makt er så stor at dine fiendar kryp for deg.

4. Heile jorda skal bøya seg ¬og tilbe deg, dei skal spela for deg ¬og prisa ditt namn. Sela

5. Kom og sjå Guds gjerningar! Ageleg er han når han gjer sitt verk ¬mellom menneska.

6. Han gjorde sjøen til turt land, gjennom elva gjekk dei til fots. Lat oss gleda oss i han!

7. Han rår med velde til evig tid og held auga med folkeslag; dei som vil opprør, ¬reiser seg ikkje. Sela

8. Pris vår Gud, de folkeætter, lat lovsongen ljoma for han,

9. han som held oss i live og ikkje lèt vår fot vera ustø.

10. For du har sett oss på prøve, ¬Gud, og reinsa oss, ¬som dei reinsar sølv.

11. Du lét oss gå i garnet og la ei bør på våre hofter.

12. Du lét menneske fara fram ¬over våre hovud, vi laut gå gjennom eld og vatn. Men du førte oss ut ¬og gav oss overflod.

13. Eg kjem med brennoffer ¬til ditt hus, eg vil halda mine lovnader ¬til deg,

14. dei lovnader som kom ¬over mine lipper, og som eg gav då eg var i naud.

15. Eg gjev deg gjøfe til brennoffer og lèt røyken av verar ¬stiga opp til deg; eg ofrar både oksar ¬og bukkar. Sela

16. Kom hit og høyr, alle de som har age for Gud, så skal eg fortelja kva han har gjort mot meg.

17. Frå min munn steig ropet ¬til han, og på mi tunge var det lovsong.

18. Hadde eg hatt urett i tankar, ville Herren ikkje ¬ha høyrt meg.

19. Men Gud har sanneleg høyrt! Han lydde på mitt bønerop.

20. Lova vere Gud, som ikkje sa nei til mi bøn og ikkje tok si miskunn ¬frå meg!

»