Logo
🔍

Salmenes bok 67 N11NN

«

1. Til korleiaren. Til strengespel. Ein salme. Ein song.

2. Gud vere oss nådig og velsigne oss, Gud la sitt andlet lysa for oss! Sela

3. Då skal din veg bli kjend på jorda, di frelse mellom alle folkeslag.

4. Folka skal prisa deg, Gud, alle folk skal prisa deg!

5. Lat folkeslag gleda seg og jubla, for du dømmer folka med rettferd og leier folkeslaga på jorda. Sela

6. Folka skal prisa deg, Gud, alle folk skal prisa deg!

7. Jorda har gjeve si grøde. Gud, vår Gud velsignar oss.

8. Gud skal velsigna oss! Heile jorda skal frykta han!

»