Logo
🔍

Salmenes bok 68 N78NN

« Gud kjem til dom og frelse

1. Til korleiaren. Ein Davids-salme. Ein song.

2. Gud reiser seg, og hans fiendar ¬vert spreidde; dei som hatar han, ¬rømer for hans åsyn.

3. Du driv dei bort som røyk. Dei gudlause går til grunne ¬for Guds åsyn, lik voks som brånar for elden.

4. Men dei rettferdige gleder seg, dei jublar for Gud ¬med fryd og glede.

5. Syng for Gud, ¬og pris hans namn! Ryd veg for han som fer fram ¬gjennom øydemarkene. Herren er hans namn ¬– jubla for han!

6. Ein far for farlause, ¬ein forsvarar for enkjer er Gud i sin heilage bustad.

7. Gud lèt einsame finna ¬ein heim, han fører ut fangar ¬til lukke og trivsel, men opprørarar må bu ¬i eit audt og avsvidt land.

8. Då du drog ut ¬framfor folket ditt, Gud, og skreid fram ¬gjennom øydemarka, Sela

9. då riste jorda, ¬og himmelen draup for Gud på Sinai, for Herren, Israels Gud.

10. Du lét regnet strøyma, Gud, ditt arveland som var turka ut, gav du atter liv.

11. Der fekk di ætt slå seg ned; i din godleik, Gud, sytte du for dei hjelpelause.

12. Herren sender eit ord, og stor er skaren av kvinner som kjem med gledebod:

13. «Kongar over hærar flyr! ¬Dei flyr! Kvinnene heime ¬deler hærfang.

14. Skal de verta sitjande ¬mellom kløvkorgene? Dua har sølv på vengene sine, og på vengefjørene ¬gulgrønt gull.

15. Då Den Allmektige ¬spreidde kongane, snøa det på Salmon-fjellet.»

16. Eit gudefjell er Basan-fjellet, Basan-fjellet ¬med dei mange tindar.

17. Fjelltoppar, kvifor ser de skeivt til fjellet som Gud ¬har valt seg til bustad, der Herren vil bu til evig tid?

18. Guds vogner er ti tusen ¬gonger tusen, i heilagdom kom Herren ¬frå Sinai.

19. Du steig opp til høgda. Fangar førte du med deg, og gåver tok du ¬mellom menneska, ja, jamvel mellom opprørarar. Der ville du bu, Herre Gud.

20. Lova vere Herren ¬frå dag til dag! Gud ber oss, ¬han er vår frelse. Sela

21. Gud er for oss ¬ein Gud som frelser, hjå Herren vår Gud ¬er det utveg frå døden.

22. Ja, han knuser hovudet ¬på sine fiendar og skallen på dei ¬som lever i synd.

23. Herren seier: ¬«Eg hentar dei frå Basan, eg fører dei tilbake ¬frå havsens djup.

24. Då kan du vaska føtene i blod, og hundane dine skal få sin del av fiendane.»

25. Folk har sett ditt festtog, Gud, festtoget åt min Gud og konge opp til heilagdomen.

26. Songarar går føre, sidan kjem harpespelarar og i midten jenter ¬som slår på tromme.

27. Lovpris Herren Gud i kor, de som er av Israels kjelde!

28. Der er Benjamin, den yngste, som er herre over dei andre, Judas hovdingar i flokk og hovdingane i Sebulon ¬og Naftali.

29. Set inn din styrke, Gud, den makt som du, Gud, har vist mot oss,

30. frå ditt tempel i Jerusalem, der kongar kjem ¬med gåver til deg.

31. Rett ditt trugsmål ¬mot dyret i sevet, mot flokken av dei mektige, mot herrane over folka. Trakka ned dei ¬som trår etter sølv, og sprei dei folk ¬som er huga på strid!

32. Dei kjem med bronsevarer ¬frå Egypt; folket i Nubia skundar seg og retter hendene ut til Gud.

33. De kongerike på jord, ¬syng for Gud, syng og spel for Herren, Sela

34. han som fer fram ¬over himmelen, den eldgamle himmel. Høyr, han lyfter si røyst, ¬ei veldig røyst!

35. Lat Gud få makt! Han har velde over Israel, hans makt når heilt til skyene.

36. Ageleg er Gud i sin heilagdom. Israels Gud, han gjev folket ¬kraft og styrke. Lova vere Gud!

»