Salmenes bok 69 N78NN
1. Til korleiaren. Etter «Liljene». Av David.
2. Frels meg, Gud! Vatnet når meg heilt til halsen,
3. eg har sokke ned ¬i ei botnlaus myr, der det ikkje er feste for foten. Eg er komen ut på djupet, og straumen riv meg bort.
4. Eg har ropa meg trøytt, det brenn i strupen. Augo mine er dimme, eg har venta så lenge ¬på min Gud.
5. Fleire enn håra på mitt hovud er dei som hatar meg ¬utan årsak. Mange er dei ¬som vil meg til livs, som er mine fiendar ¬utan grunn. No må eg gje vederlag for det eg ikkje har røva.
6. Gud, du kjenner min dårskap, mine synder ¬er ikkje løynde for deg.
7. Lat ikkje dei som vonar på deg, Herre, Allhærs Gud, verta vonbrotne over meg! Lat ikkje dei som søkjer deg, verta til skammar for mi skuld, ¬Israels Gud!
8. For di skuld må eg tola spott; mitt andlet raudnar av skam.
9. Eg har vorte ein framand ¬for brørne mine, ein ukjend mann ¬for sønene åt mor mi.
10. Ja, brennhug for ditt hus ¬har ete meg opp; spottord frå dei ¬som spottar deg, har falle på meg.
11. Når eg gret og fasta, vart eg spotta for det.
12. Når eg tok på meg syrgjeklede, vart eg til eit ordtak for dei.
13. Dei snakkar om meg ¬når dei sit i porten, og syng om meg ¬i sine drikkelag.
14. Men, Herre, ¬eg vender meg til deg med mi bøn i nådens tid. Svar meg, Gud, ¬i di store miskunn, du som er ein trufast hjelpar.
15. Berga meg, ¬så eg ikkje søkk i gjørma, lat meg verta berga ¬frå dei som hatar meg, og frå det djupe vatnet!
16. Lat ikkje straumen ¬riva meg bort, lat ikkje djupet gløypa meg, eller brunnen ¬lata att sin munn over meg!
17. Svar meg, Herre, ¬god og trufast som du er, vend deg til meg ¬i di store miskunn!
18. Løyn ikkje andletet ¬for din tenar! For eg er i trengsle. Skund deg og svar meg!
19. Kom til meg og fri meg ut, berg meg frå mine fiendar!
20. Du kjenner til ¬korleis eg vert spotta, kva skam og vanære eg ¬må tola; alle mine fiendar veit du om.
21. Deira spott har knust ¬mitt hjarta, det kan ikkje lækjast. Eg vona på medynk, ¬men det var fåfengt, på folk som kan trøysta, ¬men eg fann ingen.
22. Dei hadde gift i maten min, for torsten ¬gav dei meg eddik å drikka.
23. Lat bordet deira verta ei snare og offermåltidet ei felle for dei.
24. Lat augo deira dimmast, så dei ikkje kan sjå! Lat alltid deira hofter skjelva!
25. Renn ut din vreide over dei, lat din brennande harme nå dei!
26. Lat leiren deira verta aud, så ingen bur i deira telt.
27. For dei forfylgjer ¬den du har slege, og aukar pinsla åt den ¬du har gjennomstunge.
28. Legg skuld til den skulda ¬dei har, lat dei ikkje få del i di frelse!
29. Lat dei strykast ut ¬or livsens bok og ikkje skrivast opp ¬med dei rettferdige.
30. Men eg er arm og full av liding; Gud, lat di frelse verna meg!
31. Eg vil prisa Guds namn ¬med song og hylla han med takkesong.
32. Det vil Herren heller ha ¬enn offerdyr, enn oksar med horn ¬og klauver.
33. Dei hjelpelause ¬skal sjå det med glede. Gjev de må leva, de som søkjer Gud!
34. For Herren høyrer bøna ¬åt dei fattige, han vanvørder ikkje ¬sine eigne som er fangar.
35. Himmel og jord skal prisa han, havet og alt som rører seg der.
36. For Gud vil frelsa Sion og byggja opp att byane ¬i Juda. Folk skal få bu der ¬og eiga landet.
37. Hans tenarars ætt skal arva det, dei som elskar hans namn, ¬skal bu der.