Logo
🔍

Salmenes bok 7 N11NN

«

1. Ein sjiggajon av David. Han song han for Herren på grunn av benjaminitten Kusj.

2. Herre, min Gud, eg søkjer tilflukt hos deg. Frels meg og berg meg frå alle som jagar meg.

3. Lat dei ikkje riva meg sund som løver og dra meg bort utan at nokon bergar meg.

4. Herre, min Gud, om eg har fare slik fram at det er urett i mine hender,

5. om eg har gjort vondt mot min ven og rana min motstandar utan grunn,

6. så lat fienden jaga meg og nå meg att, trakka mitt liv til jorda og kasta mi ære i støvet. Sela

7. Reis deg, Herre, i din vreide, stå opp mot fiendane som rasar mot meg! Vakna, min Gud, du som stemner til doms.

8. Lat folka samla seg kring deg, ta ditt sete over dei i det høge!

9. Herren dømmer folka. Gjev meg min rett, Herre, for eg er rettferdig og heil i mi ferd.

10. Gjer ende på vondskapen til dei som gjer urett, men lat den rettferdige bli ståande, du som prøver hjarte og nyrer, du rettferdige Gud.

11. Gud er mitt skjold, han frelser dei ærlege av hjartet.

12. Gud er ein rettferdig dommar, ein Gud som alltid kan bli harm.

13. Dersom nokon ikkje vender om, vil han kvessa sverdet, spenna bogen og sikta,

14. gjera sine drepande våpen klare og setja fyr på sine piler.

15. Sjå, den som er svanger med urett, har avla ugjerning og føder løgn.

16. Eit hòl grev han, og han gjer det djupt, men fell sjølv ned i den grava han grov.

17. Hans ugjerning råkar hans eige hovud, sin eigen råskap får han i skallen.

18. Eg vil prisa Herren for hans rettferd, lovsyngja namnet til Herren, Den høgste.

»