Logo
🔍

Salmenes bok 7 N78NN

« Fri meg frå alle som jagar meg!

1. Ein klagesalme som David song for Herren på grunn av den meldinga Kusj frå Benjamin hadde kome med.

2. Herre, min Gud, eg flyr til deg. Frels meg og fri meg ¬frå alle som jagar meg,

3. så dei ikkje, liksom ei løve riv meg sund og dreg meg bort – utan at nokon bergar.

4. Herre, min Gud, har eg fare så at det er urett i mine hender,

5. har eg gjort vondt mot min ven og rana min motstandar ¬utan grunn,

6. så lat fienden jaga og nå meg, trakka meg levande til jorda og kasta mi ære i støvet. Sela

7. Reis deg, Herre, i din vreide, stå opp mot dei ¬som rasar imot meg! Vakna, min Gud, ¬du som stemner til doms.

8. Lat skaren av folkeslag ¬samlast ikring deg, og ta ditt sete høgt over dei!

9. Herre, du som dømer folka, hjelp meg til min rett, for eg er rettvis og heil i mi ferd.

10. Gjer ende på vondskapen ¬åt dei gudlause, men lat den rettferdige ¬verta ståande! Du som prøver hjarto ¬og nyrer, du er ein rettferdig Gud.

11. Gud er mitt vernande skjold, han frelser dei ærlege av hjarta.

12. Gud er ein rettferdig domar, ein Gud ¬som feller dom kvar dag.

13. Sanneleg, ¬fienden kvesser atter sverdet, spenner bogen og siktar.

14. Men sjølv vert han råka ¬av dei drepande våpen og dei brennande piler ¬han steller til.

15. Sjå, han er svanger ¬med vondskap, har avla udåd og føder svik.

16. Han har grave eit hol ¬og gjort det djupt, men sjølv fell han ned ¬i den grava han grov.

17. Den udåden han har tenkt ut, kjem over hans eige hovud, valdsferda råkar ¬hans eigen skalle.

18. Eg prisar Herren ¬for hans rettferd og lovsyng namnet åt Herren, ¬Den Høgste.

»