Logo
🔍

Salmenes bok 70 N11NN

«

1. Til korleiaren. Av David. Til påminning.

2. Skund deg, Gud, og hjelp meg, Herre, fri meg ut!

3. Lat dei som står meg etter livet, bli til skamme og til spott! Lat dei som vil meg vondt, dra seg tilbake utan ære!

4. Lat dei som ler hånleg, snu seg bort i skam.

5. Lat alle som søkjer deg, fryda og gleda seg i deg! Lat dei som elskar di frelse, alltid seia: «Stor er Gud!»

6. Men eg er hjelpelaus og fattig. Skund deg, Gud! Du er mi hjelp, du bergar meg. Herre, dryg ikkje lenger!

»