Logo
🔍

Salmenes bok 70 N78NN

« Herre, skund deg og hjelp meg!

1. Til korleiaren. Av David. Til påminning.

2. Gud, kom og fri meg ut! Herre, skund deg og ¬hjelp meg!

3. Lat dei som står meg etter livet, verta til spott og spe! Lat dei som ynskjer ulukke ¬over meg, dra seg tilbake med vanære!

4. Dei som ropar spottord, skal snu om med skam.

5. Men lat alle som søkjer deg, fryda og gleda seg i deg! Lat dei som elskar di frelse, alltid få seia: «Stor er Gud!»

6. Eg er hjelpelaus og fattig. Skunda deg til meg, Gud! Du er min hjelpar ¬og bergingsmann, dryg ikkje lenger, Herre!

»