Logo
🔍

Salmenes bok 71 N78NN

« Herre, eg flyr til deg

1. Hjå deg, Herre, søkjer eg livd, lat meg aldri verta til skammar!

2. Fri og frels meg i di rettferd, vend øyra til meg og ¬berga meg!

3. Ver eit fjell som eg kan fly til, ei festning der eg finn frelse! For du er mitt berg og mi borg.

4. Fri meg, Gud, ¬frå handa åt dei gudlause, frå dei som fer ¬med vald og urett!

5. Herre, Gud, du er mi von, frå min ungdom ¬har eg sett mi lit til deg.

6. Frå eg vart fødd, ¬har eg stødd meg til deg, du drog meg fram frå mors liv. Deg vil eg alltid prisa.

7. Eg har vorte ¬som eit under for mange, du er mi trygge tilflukt.

8. Min munn er full av lovsong ¬til deg, eg prisar din herlegdom ¬dagen lang.

9. Støyt meg ikkje bort ¬i min alderdom, forlat meg ikkje ¬når krafta minkar.

10. Mine fiendar talar om meg, dei lurer på meg og samrår seg.

11. Dei seier: «Gud har forlate han. Jag han og grip han! Det er ingen som bergar.»

12. Gud, ver ikkje langt borte ¬frå meg! Skund deg og hjelp meg, ¬min Gud!

13. Lat dei som står meg imot, gå til grunne med skam! Lat dei som vil meg vondt, sveipast i skam og vanære!

14. Men eg er alltid full av von, atter og atter vil eg prisa deg.

15. Kvar dag skal eg fortelja ¬om di rettferd, om dine gjerningar til frelse; eg kjenner ikkje talet på dei.

16. Herre, min Gud, eg vil tala om dine storverk, prisa di rettferd, berre den.

17. Du har lært meg opp, Gud, heilt frå min ungdom, og enno fortel eg ¬om dine under.

18. Forlat meg heller ikkje, Gud, når eg vert gamal og grå! Så skal eg tala ¬om di mektige gjerning til heile den ætt som kjem.

19. Din styrke og di rettferd, Gud, når til himmelen. Du som har gjort så store ting, Herre, kven er som du?

20. Du som lét oss oppleva mange trengsler og ulukker, du vil atter gje oss liv og føra oss opp frå havsens djup under jorda.

21. Gjev meg att mi ære, vend deg til meg og ¬trøysta meg!

22. Så vil eg spela på harpe og prisa din truskap, Gud. Eg vil spela på lyre for deg, du Israels Heilage.

23. Mine lipper skal jubla når eg spelar for deg, mi sjel som du har løyst ut, ¬skal jubla.

24. Ja, heile dagen skal mi tunge tala om di rettferd. For dei som vil meg vondt, har vorte til spott og spe.

»