Logo
🔍

Salmenes bok 72 N78NN

« Gud signe kongen!

1. Av Salomo. Gjev kongen dine domar, ¬Gud, lat kongssonen ¬få rettferd frå deg!

2. Så skal han døma ditt folk ¬med rettferd og dine armingar ¬med lov og rett.

3. Då skal fjella gje folket fred og haugane rettferd.

4. Gjev kongen må hjelpa ¬dei verjelause i folket, så dei får sin rett. Han skal berga dei fattige og knusa valdsmannen.

5. Lat han leva frå ætt til ætt så lenge sol og måne skin.

6. Han skal vera lik regnet som fell på nyslegen eng, lik ei regnskur som væter jorda.

7. I hans dagar skal rettferd gro og lukke og fred råda så lenge månen er til.

8. Lat han styra frå hav til hav, frå Storelva til heimsens endar.

9. Dei som bur i øydemarka, skal bøya seg for han, hans fiendar skal slikka støvet.

10. Kongar frå Tarsis ¬og fjerne strender skal senda skatt til han. Kongane i Saba og Seba skal koma med sine gåver.

11. Han skal alle kongar hylla, han skal alle folkeslag tena.

12. For han bergar ¬den fattige som ropar, armingen ¬som ingen hjelpar har.

13. Han ynkast over småkårsfolk og bergar livet åt dei fattige.

14. Han løyser dei ¬frå tvang og vald, deira liv er dyrt i hans augo.

15. Gjev kongen må leva og få gullet frå Saba! Folk skal alltid be for han og velsigna han dagen lang.

16. Lat det vera slik mengd ¬med korn i landet at det bylgjar over åsane. Lat grøda vera ¬som skogen på Libanon, lat byar bløma og breia seg ¬som graset på marka.

17. Lat namnet hans leva ¬til evig tid, skyta friske skot ¬så lenge sola skin. Alle folk ¬skal velsigna seg med det og prisa han sæl.

18. Lova vere Herren, Israels Gud, han som gjer under, ¬einast han!

19. Hans herlege namn ¬vere evig lova! All jorda er full ¬av hans herlegdom. Amen, amen. *

20. Her endar bønene av David, son til Isai.

»