Logo
🔍

Salmenes bok 73 N78NN

« Eg vert alltid verande hjå deg

1. Ein Asaf-salme. a, Gud er god mot Israel, mot dei som er reine av hjarta.

2. Men eg heldt på å snåva, mine føter hadde nær glide ut.

3. For eg vart harm ¬på dei hovmodige, då eg såg ¬at det gjekk dei gudlause vel.

4. Dei har ingen plager, dei er friske og godt i hold.

5. Menneskeleg møde ¬er dei frie for, dei vert ikkje plaga som andre.

6. Difor er hovmod ¬deira halsband, valdsferd er kappa ¬dei sveiper seg i.

7. Vondskapen strøymer ¬frå deira indre, deira hjartans tankar ¬trengjer seg fram.

8. Dei spottar ¬og talar i vondskap, ovanfrå trugar dei ¬med trengsle.

9. Dei lyfter munnen ¬mot himmelen, og tunga fer ikring på jorda.

10. Difor vender folk seg til dei, og mykje vatn syg dei i seg.

11. Dei seier: «Korleis skulle Gud ¬vita om det? Har Den Høgste ¬kjennskap til noko?»

12. Ja, så er dei gudlause som støtt er trygge ¬og aukar sin rikdom.

13. Fåfengt har eg halde ¬hjarta reint og vaska mine hender ¬til teikn på uskyld.

14. Endå vart eg plaga heile dagen, kvar morgon vart eg tukta.

15. Hadde eg sagt: ¬«Såleis vil eg tala», då hadde eg svike ¬dine søners ætt.

16. Så tenkte eg etter, ¬ville skjøna dette; mødesamt var det for meg

17. – til dess eg gjekk inn ¬i Guds heilagdom; då skjøna eg ¬korleis det går dei til sist.

18. Ja, på håle vegar fører du dei, du lèt dei falla og gå til grunne.

19. Å, kor brått dei går til grunne, dei vert rivne bort ¬og endar i redsle.

20. Liksom vi vanvørder ein draum når vi vaknar om morgonen, såleis vanvørder du synet ¬av dei når du reiser deg, Herre.

21. Så lenge eg var beisk i hugen, og kjende at det stakk i hjarta,

22. var eg dum og uvitug, som eit fe var eg imot deg.

23. Men eg vert alltid verande ¬hjå deg, du har gripe mi høgre hand.

24. Du leier meg med ditt råd, og sidan tek du meg opp ¬i herlegdom.

25. Kven har eg elles ¬i himmelen? Når eg berre har deg, har eg ikkje hug ¬til noko på jorda.

26. Om kropp og sjel forgår, er Gud for evig ¬mitt berg og min del.

27. Sjå, dei som held seg ¬borte frå deg, går til grunne, du gjer ende på alle ¬som er utrue mot deg.

28. Men for meg er det godt ¬å vera nær Gud. Eg tek mi tilflukt til Herren. Eg vil vitna ¬om alle dine gjerningar.

»