Logo
🔍

Salmenes bok 76 N78NN

« Kven kan stå seg mot Gud?

1. Til korleiaren. Med strengespel. Ein Asaf-salme. Ein song.

2. Gud er kjend i Juda, hans namn er stort i Israel.

3. I Salem er hans hytte reist, på Sion står hans bustad.

4. Der braut han sund ¬dei lynande piler, krigens våpen, ¬skjold og sverd. Sela

5. Strålande er du, herlegare enn dei ¬eldgamle fjell.

6. Modige menn vart plyndra, og dei sovna inn. Hendene svikta ¬kvar stridsmann.

7. Ved dine trugsmål, ¬Jakobs Gud, fall hest og krigar i dvale.

8. Ageleg er du, Gud. Kven kan stå seg for ditt åsyn når du vert vreid?

9. Du kunngjer din dom ¬frå himmelen. Jorda vert mållaus av redsle

10. når Gud står opp for å døma og frelsa ¬alle armingar på jord. Sela

11. Jamvel manns harme ¬vert til lovsong for deg; harmen endar med høgtid.

12. Gjev lovnader til Herren ¬dykkar Gud, og lat han få det de har lova! Folk skal koma frå alle kantar med gåver til den agelege Gud.

13. Han bøyer dei stolte fyrstar, og kongane på jord ¬må ottast han.

»