Logo
🔍

Salmenes bok 77 N78NN

« Eg tenkjer på gamle dagar

1. Til korleiaren. Etter Jedutun. Ein Asaf-salme.

2. Eg ropar til Gud, ja, eg ropar til Gud, ¬og han høyrer meg.

3. Den dagen eg er i naud, ¬søkjer eg Herren. Om natta retter eg ut mi hand, og ho trøytnar ikkje. Mi sjel lèt seg ikkje trøysta.

4. Eg tenkjer på Gud og sukkar; eg gruvlar ¬og kjenner meg kraftlaus. Sela

5. Heile natta held du meg vaken; eg er så uroleg, ¬eg kan ikkje tala.

6. Eg tenkjer på gamle dagar og minnest framfarne år.

7. Om natta strevar eg ¬med tankar, eg gruvlar, mi ånd granskar.

8. Vil Herren støyta oss bort ¬for alltid og aldri visa sin godvilje meir?

9. Er hans truskap for evig slutt, har ordet hans stilna ¬for alle ætter?

10. Kan Gud ha gløymt ¬å vera nådig, er han vreid ¬og held att si miskunn? Sela

11. Eg seier: «Det piner meg at Den Høgste har drege til seg ¬si hand.

12. Eg minnest Herrens ¬gjerningar, minnest dei under ¬du gjorde før.

13. Eg tenkjer på kvar dåd ¬du gjorde, og grundar på dine storverk.

14. Gud, i heilagdom går du fram. Kvar er ein gud ¬så stor som Herren?

15. Du er den Gud som gjer under, mellom folka har du synt ¬di kraft.

16. Med velde løyste du ut ¬ditt folk, sønene åt Jakob og Josef. Sela

17. Vatnet såg deg, Gud; vatnet såg deg og skalv, ja, havdjupet skalv av redsle.

18. Regnet strøymde frå skyene, tora dunde ¬frå skykledd himmel, og lyna fór av stad som piler.

19. Du lét tora rulla som vognhjul, lyna lyste opp jordkrinsen; jorda riste og skalv.

20. Din veg ¬gjekk midt gjennom sjøen, din stig gjennom veldig vatn; men ingen kjende dine fotspor.

21. Du førte ditt folk som ei hjord ved handa åt Moses og Aron.

»