Salmenes bok 78 N78NN
1. Ein læresalme av Asaf. Lyd, mitt folk, på mi lære, vend øyra til orda ¬frå min munn!
2. Eg vil opna munnen ¬og tala i bilete, bera fram gåtefull tale ¬frå gamal tid.
3. Det vi har høyrt og kjenner til, det våre fedrar har fortalt oss,
4. det døl vi ikkje for deira born. Vi vil fortelja til ætta som kjem, om Herrens herlege verk ¬og hans velde, om alle dei under han har gjort.
5. Han gav sine bod i Jakob og sette ei lov i Israel. Den baud han våre fedrar å gjera kjend for sine born.
6. Han ville at den komande ætt, dei born som sidan vart fødde, skulle læra lova å kjenna. Så skulle dei stå fram og kunngjera henne ¬for sine born,
7. for at 'dei' kunne setja si lit ¬til Gud og ikkje gløyma ¬Guds gjerningar, men nøye halda hans bod.
8. Dei skulle ikkje verta ¬som sine fedrar, ei tverr og trassig ætt, ei ætt som ikkje var fast i hug og ikkje var trufast ¬mot Gud i si ånd.
9. Efraims søner, ¬væpna med bogar, tok ut og rømde ¬på stridens dag.
10. Dei heldt seg ikkje ¬til Guds pakt og nekta å fylgja hans lov.
11. Dei gløymde ¬hans store gjerningar og dei under ¬han hadde late dei sjå.
12. Han gjorde under ¬for deira fedrar på Soan-marka i Egypt.
13. Han kløyvde sjøen ¬og førte dei over, medan han lét vatnet stå ¬som ein voll.
14. Om dagen leidde han dei ¬i ei sky, og kvar natt i ein lysande eld.
15. Han kløyvde fjell i øydemarka og gav dei vatn å drikka, rikeleg som frå havsens djup ¬under jorda.
16. Han lét bekker strøyma ¬fram or berget og vatnet renna som elvar.
17. Men dei heldt ikkje opp ¬med å synda mot han, dei trassa Den Høgste ¬i øydemarka.
18. Med vitende og vilje ¬sette dei Gud på prøve då dei kravde mat ¬etter eiga lyst.
19. Dei tala imot han og sa: «Kan Gud duka bord ¬i øydemarka?
20. Han slo på berget ¬så vatnet rann, og bekkene fløymde fram. Men kan han òg gje oss brød og syta for kjøt til sitt folk?»
21. Då Herren høyrde det, ¬vart han harm. Ein eld braut ut mot Jakob, Guds vreide loga mot Israel,
22. fordi dei ikkje trudde på Gud og ikkje leit på hans frelse.
23. Så gav han skyene påbod og opna dørene til himmelen;
24. han lét manna regna ¬til føde for dei, gav dei korn frå himmelen.
25. Englebrød fekk menneska eta; Gud sende mat, ¬og dei vart mette.
26. Han lét austavinden blåsa ¬frå himmelen, dreiv sønnavinden fram ¬med si kraft.
27. Han lét kjøt regna ned til dei ¬som støv, flygande fuglar ¬som havsens sand.
28. Midt i leiren lét han dei falla, rundt ikring deira bustader.
29. Dei åt, og alle vart mette; han sende dei ¬det dei kravde.
30. Men før dei hadde ¬stetta trongen, då dei endå hadde mat ¬i munnen,
31. loga Guds vreide opp imot dei. Han drap dei sterkaste ¬mellom dei, slo Israels unge stridsmenn ¬til jorda.
32. Likevel heldt dei fram ¬med å synda og trudde ikkje på hans under.
33. Så lét han deira dagar ¬kverva som ein pust, deira leveår enda med redsle.
34. Når han drap nokon, ¬søkte dei han, då vende dei om ¬og spurde etter Gud.
35. Dei kom i hug ¬at Gud er deira berg, at Den Høgste Gud ¬er deira utløysar.
36. Likevel narra dei han ¬med sine ord og laug for han med si tunge.
37. I sitt hjarta ¬heldt dei ikkje fast ved han, dei var ikkje trugne ¬mot hans pakt.
38. Men han var miskunnsam; han tilgav synda ¬og tynte dei ikkje. Gong på gong heldt han att ¬sin vreide og lét ikkje all sin harme ¬bryta fram.
39. Han kom i hug ¬at dei berre var menneske, ein vindpust ¬som fer av stad og vert borte.
40. Men dei trassa han ofte ¬i øydemarka og gjorde han sorg i audna.
41. Atter og atter ¬sette dei Gud på prøve og krenkte Israels Heilage.
42. Dei hugsa ikkje ¬at han greip inn den dagen han fria dei ¬frå fienden,
43. då han viste sine teikn i Egypt, sine under på Soan-marka.
44. Han gjorde elvane der til blod, ingen kunne drikka ¬or bekkene.
45. Han sende imot dei klegg ¬som beit, og frosk som herja mellom dei.
46. Han gav deira avling ¬til gnagaren, deira grøde ¬til grashoppesvermen.
47. Han øydela vintrea deira ¬med hagl og morbærtrea med rimfrost.
48. Han lét sjukdom koma på feet, sende pest ¬over buskapen deira.
49. Han sende mot dei ¬sin brennande harme, vreide og ilske og naud, ei sendeferd av ulukke-englar.
50. Han gav rom for sin vreide og sparte dei ikkje for døden, men gav deira liv til pesten.
51. Han slo alle fyrstefødde ¬i Egypt, den beste kraft i hamittartelta.
52. Så lét han sitt folk ta ut ¬som sauer, som ei hjord i øydemarka ¬førte han dei.
53. Han leidde dei trygt, ¬og dei reddast ikkje, sjøen løynde deira fiendar.
54. Han førte dei ¬til sitt heilage land, til fjellet han vann ¬med si høgre hand.
55. Andre folk dreiv han bort ¬for dei; han skifte ut deira land ¬som ein arv og lét Israels ætter ¬bu i deira telt.
56. Men dei eggja og trassa ¬Den Høgste Gud og retta seg ikkje ¬etter hans påbod.
57. Dei fall frå og var trulause ¬som sine fedrar, dei sveik, ¬lik ein boge som slaknar.
58. Dei krenkte han ¬med sine offerhaugar, med avgudsbilete eggja ¬dei han.
59. Gud høyrde det og vart harm, han vraka Israel heilt og fullt.
60. Han gav opp sin bustad i Sjilo, det teltet han budde i ¬mellom menneske.
61. Si makt lét han førast bort ¬som hærfang, sin herlegdom gav han ¬i fiendehand.
62. Han gav sitt eige folk ¬til sverdet, for han var harm på folket.
63. Elden øydde ¬dei unge stridsmenn, jentene fekk ingen ¬bryllaupssong.
64. Prestane i folket fall for sverd, og enkjene fekk ikkje halda ¬syrgjehøgtid.
65. Då vakna Herren ¬som or ein svevn, lik ein stridsmann ¬som vaknar or rusen.
66. Han slo sine motstandarar ¬tilbake og førte evig skam over dei.
67. Han støytte bort Josefs telt og valde ikkje Efraims-ætta.
68. Men Juda-ætta valde han ut og Sion-fjellet, som han elskar.
69. Han bygde sin heilagdom ¬himmelhøg, og grunnla han for alltid ¬liksom jorda.
70. Han valde ut David, sin tenar, og henta han frå sauekvea.
71. Han tok han bort ¬frå lamsauene og sette han til hyrding ¬for Jakob, sitt folk, for Israel, sin eigedom.
72. Og David gjætte dei ¬med ærleg hjarta, han leidde dei ¬med kunnig hand.