Logo
🔍

Salmenes bok 8 N78NN

« Kva er eit menneske?

1. Til korleiaren. Etter Gittit. Ein Davids-salme.

2. Herre, vår Gud, ¬kor herleg ditt namn er over all jorda, du som har breitt ut ¬din prydnad på himmelen!

3. Av munnen på småborn ¬og spedborn har du reist deg eit vern ¬mot dine fiendar, så du kan stagga ¬kvar motstandar som trår etter hemn.

4. Når eg ser din himmel, ¬eit verk av dine fingrar, månen og stjernene ¬som du har sett der,

5. kva er då eit menneske, ¬sidan du kjem det i hug, eit menneskebarn, ¬sidan du tek deg av det?

6. Du gjorde han lite ringare ¬enn Gud, med ære og herlegdom ¬krona du han.

7. Du sette han til herre ¬over dine henders verk, alt la du under hans føter:

8. sauer og oksar, alle i hop, ja, jamvel dei ville dyr ¬på marka,

9. fuglen i lufta og fisken i sjøen, alt som ferdast ¬på havsens stigar.

10. Herre, vår Gud, ¬kor herleg ditt namn er over all jorda!

»