Logo
🔍

Salmenes bok 80 N78NN

« Reis oss opp att, Herre!

1. Til korleiaren. Etter «Liljene». Eit vitnemål. Av Asaf. Ein salme.

2. Høyr oss, Israels hyrding, du som fører Josef som ¬ei hjord! Du som tronar over kjerubane, vis deg i stråleglans

3. for Efraim, Benjamin ¬og Manasse! Vekk di kraft ¬og kom oss til hjelp!

4. Reis oss opp att, Gud, lat ditt andlet lysa, ¬så vi vert frelste!

5. Herre, Allhærs Gud, kor lenge vil du la ¬din vreide ryka mot folket ditt som bed til deg?

6. Gråt er brødet du gjev dei ¬å eta, og tårer må dei drikka ¬i fullt mål.

7. Du lèt våre grannar stridast ¬om oss, og fiendane spottar oss.

8. Reis oss opp att, Allhærs Gud, lat ditt andlet lysa, ¬så vi vert frelste!

9. Eit vintre reiv du opp i Egypt, du dreiv folkeslag ut ¬og planta det.

10. Du rudde grunnen for det, så det røtte seg og fylte landet.

11. Skuggen av det gøymde fjell, greinene løynde ¬mektige sedrar.

12. Det tøygde rankene ut til havet og renningane heilt ¬til Storelva.

13. Kvifor har du rive ned gjerdet ¬kring treet, så alle som går framom, ¬kan plukka,

14. så villsvin frå skogen ¬kan gnaga på det, og krypet på marka ¬kan eta av det?

15. Vend deg hit att, Allhærs Gud, skoda ned frå himmelen og sjå! Ta deg av dette vintreet,

16. verna om det ¬som du har planta med di høgre hand, – sonen som du har gjeve ¬styrke!

17. Dei som brende opp treet ¬lik avfall, skal gå til grunne ¬for ditt trugsmål.

18. Hald di vernande hand ¬over han som er ved di høgre side, over mennesket ¬som du har gjeve styrke.

19. Så vil vi aldri vika frå deg. Gjev oss liv, ¬så vil vi kalla på deg!

20. Reis oss opp att, ¬Herre, Allhærs Gud, lat ditt andlet lysa, ¬så vi vert frelste!

»