Logo
🔍

Salmenes bok 81 N78NN

« Til lauvhyttehelga

1. Til korleiaren. Etter Gittit. Av Asaf.

2. Rop av fryd for Gud, ¬vår styrke, lat hyllingsrop ljoma ¬for Jakobs Gud!

3. Lat songen stiga ¬og handtrommer lyda til fagre tonar ¬frå lyre og harpe!

4. Blås i horn på nymånedagen og ved fullmåne, ¬på vår høgtidsdag.

5. For det er ei føresegn i Israel, eit påbod frå Jakobs Gud,

6. ei lov som han gav til Josefs ætt då ho drog ut or Egypt. Eg høyrer ei ukjend røyst:

7. Eg fria hans aksel for børa, hans hender slapp fri ¬frå berekorga.

8. Du ropa i di naud, ¬og eg berga deg; eg svara deg, løynd i toreskya, og prøvde deg ¬ved Meriba-vatnet. Sela

9. Høyr, mitt folk, ¬eg formanar deg! Israel, gjev du ville høyra ¬på meg!

10. Du skal ikkje ha ¬nokon framand gud, du skal ikkje tilbe andre gudar!

11. Eg er Herren din Gud, som førte deg opp frå Egypt. Lat munnen opp, ¬så fyller eg han!

12. Men folket mitt ¬høyrde ikkje på meg, Israel ville ikkje lyda meg.

13. Så lét eg dei fara, ¬forherda som dei var; og dei fylgde sine eigne planar.

14. Gjev mitt folk ¬ville høyra på meg, gjev Israel ¬ville gå på mine vegar!

15. Snart skulle eg kua ¬deira fiendar og retta mi hand ¬mot deira motstandarar.

16. Dei som hatar Herren, ¬må krypa for han, deira ulukketid skal alltid vara.

17. Men deg vil eg fø ¬med den beste kveite og metta med honning frå fjell.

»