Logo
🔍

Salmenes bok 82 N78NN

« Kor lenge vil de døma urettferdig?

1. Ein Asaf-salme. Gud står fram i gudelyden, mellom gudar held han dom:

2. Kor lenge vil de fella urett dom og halda med ¬dei ugudelege? Sela

3. Hjelp småkårsfolk og farlause ¬til deira rett, frikjenn dei arme og ¬trengande,

4. berga småkårsfolk og fattige, og fri dei ut or nidingars hand!

5. Dei har korkje vit eller skjøn, dei ferdast ikring i mørker, heile grunnvollen ¬under jorda ragar.

6. Eg har sagt: «De er gudar, søner åt Den Høgste er de alle.

7. Men som menneske ¬skal de døy, som ein av fyrstane ¬skal de falla.»

8. Reis deg, Gud, ¬og hald dom på jorda, for alle folkeslag ¬er din eigedom.

»