Logo
🔍

Salmenes bok 83 N78NN

« Bøn om hjelp mot Israels fiendar

1. Ein song. Ein Asaf-salme.

2. Gud, hald deg ikkje i ro, ver ikkje still og tagal, Gud!

3. For sjå, dine fiendar er ¬i opprør, dei som hatar deg, ¬lyfter hovudet.

4. Dei legg lumske planar ¬mot ditt folk, dei held samråd ¬mot dei du vernar:

5. «Kom, lat oss sletta dei ut ¬som folk, så ingen meir ¬kjem Israels namn i hug!»

6. Dei held råd og vert samde, så gjer dei samband mot deg:

7. dei som bur i Edoms ¬og Ismaels telt, moabittane og hagrittane,

8. Gebal, Ammon og Amalek, filistarane og dei som bur ¬i Tyrus;

9. jamvel Assur går i lag med dei og låner sin arm ¬til Lots søner. Sela

10. Gjer med dei som med Midjan, med Sisera og Jabin ¬ved Kisjon-bekken.

11. Dei fekk si endelykt ¬ved En-Dor og vart til gjødsel på marka.

12. Lat det gå deira stormenn ¬som Oreb og Se’eb og alle deira fyrstar ¬som Sebah og Salmunna!

13. For dei seier: «Vi vil ta Guds bustader ¬i eige.»

14. Min Gud, lat dei verta ¬lik ein kvervlande tistel, lik halmstrå som fyk ¬for vinden.

15. Som elden brenner opp ¬ein skog og logane set fjell i brann,

16. så må du jaga dei ¬med ditt uver og skræma dei med din storm.

17. Lat deira andlet raudna ¬av skam, så dei spør etter ditt namn, ¬Herre.

18. Lat dei skjemmast ¬og skræmast for alltid, lat dei verta vanæra ¬og gå til grunne!

19. Gjev dei må skjøna ¬at einast du, du som ber namnet Herren, er Den Høgste over all jorda.

»