Logo
🔍

Salmenes bok 85 N78NN

« Godleik og sanning skal møta kvarandre

1. Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme.

2. Du har vist nåde ¬mot landet ditt, Herre, Jakobs lagnad har du vendt.

3. Du tok bort skulda åt folket ditt og tilgav alle deira synder. Sela

4. All din harme tok du tilbake, din brennande vreide ¬lét du fara.

5. Reis oss opp att, ¬Gud, vår frelsar, vend din uvilje bort frå oss!

6. Vil du vera harm på oss ¬for alltid og la vreiden vara ¬frå ætt til ætt?

7. Vil ikkje du gje oss liv på nytt, så ditt folk kan gleda seg i deg?

8. Lat oss få sjå din godleik, ¬Herre, og gjev oss di frelse!

9. Eg vil høyra ¬kva Gud, Herren, seier. For han talar fred ¬til sitt folk, til sine trugne, – berre dei ikkje vender seg ¬til dårskap!

10. Ja, hans frelse er nær for dei som ottast han; hans herlegdom ¬skal bu i vårt land.

11. Godleik og sanning ¬skal møta kvarandre, rettferd og fred ¬kyssa kvarandre.

12. Truskap skal gro opp or jorda og rettferd sjå ned ¬frå himmelen.

13. Då gjev Herren det ¬som godt er, og landet vårt ber si grøde.

14. Rettferd går framføre han, og frelse fylgjer i hans fotefar.

»