Logo
🔍

Salmenes bok 87 N11NN

«

1. Av Korah-songarane. Ein salme. Ein song. Han har grunnlagt byen på heilage fjell.

2. Av alle Jakobs bustader elskar Herren Sions portar mest.

3. Herlege ting er sagde om deg, du Guds by. Sela

4. Eg nemner Rahab og Babel for dei som kjenner meg, Filistarland, Tyros og Kusj: «Dei er alle fødde her.»

5. For om Sion heiter det: «Kvar og ein er fødd her.» Den høgste sjølv har grunnfest byen.

6. Herren skriv opp folka og tel dei: «Alle er dei fødde her.» Sela

7. Dei dansar og syng: «Alle mine kjelder er i deg.»

»