Logo
🔍

Salmenes bok 88 N78NN

« Mitt liv er kome dødsriket nær

1. Ein song. Ein salme av Korah- songarane. Til korleiaren. Til å syngja etter «Mahalat». Ein læresalme av Heman, som høyrde Esrah-ætta til.

2. Herre, du Gud ¬som er min frelsar, eg ropar til deg dag og natt.

3. Lat mi bøn koma fram for deg, vend øyra til mitt klagerop!

4. Mi sjel er mett av ulukker, mitt liv er kome dødsriket nær.

5. Eg vert rekna til dei ¬som steig ned i grava, eg er som ein mann utan kraft.

6. Eg er som ein død ¬mellom døde, lik falne som ligg i si grav; du kjem dei ikkje meir i hug, skilde som dei er frå di hand.

7. Du har lagt meg ¬i grava der nede, i den mørke, djupe avgrunn.

8. Din harme kviler tungt på meg du lèt dine brotsjøar ¬slå over meg. Sela

9. Du har teke mine kjenningar ¬frå meg og gjort det så ¬at dei avskyr meg. Eg er innestengd ¬og kjem ikkje ut,

10. mitt auga sløvest av plager. Herre, eg ropar dagleg til deg og retter hendene ut mot deg.

11. Gjer du vel under for dei døde, står daudingar opp ¬og prisar deg? Sela

12. Fortel dei om di miskunn ¬i grava, om din truskap i dødsriket?

13. Vert dine under kjende ¬i mørkret, di rettferd i gløymslelandet?

14. Men eg, Herre, ropar til deg, om morgonen kjem mi bøn ¬imot deg.

15. Kvifor støyter du meg bort ¬frå deg, Herre, kvifor løyner du ditt andlet ¬for meg?

16. Eg er elendig, ja døden nær, og det har eg vore ¬frå ungdomen av; rådvill ber eg dine redsler.

17. Din brennande harme ¬slår over meg, dine redsler gjer ende på meg.

18. Heile dagen ¬er dei ikring meg som vatn, alle saman omringar meg.

19. Du har teke vener ¬og frendar ifrå meg, og mine kjenningar ¬held du borte.

»