Logo
🔍

Salmenes bok 89 N78NN

« Har Herren svikta sine lovnader?

1. Ein læresalme av Etan, som høyrde Esrah-ætta til.

2. Eg vil alltid syngja ¬om dei gjerningar som Herren i sin nåde ¬har gjort. Eg vil forkynna din truskap ¬frå ætt til ætt.

3. Eg seier: Di miskunn ¬er bygd opp for evig, din truskap står fast ¬i himmelen.

4. «Eg gjorde ei pakt ¬med min utvalde, gav David, min tenar, ¬ein heilag lovnad:

5. Di ætt vil eg halda oppe ¬til evig tid; eg vil byggja ¬din kongsstol ¬frå ætt til ætt.» Sela

6. Himmelen prisar dine under, ¬Herre, dei heilage som er samla, ¬lovsyng din truskap.

7. For kven i det høge ¬kan liknast med Herren, kven er som Herren ¬mellom gudesøner?

8. Det står age av Gud ¬i rådet åt dei heilage, han er stor og ageleg ¬for alle ikring han.

9. Kven er som du, ¬Herre, Allhærs Gud? Mektig er du Herre, og truskap har du ¬ikring deg.

10. Du råder over ¬det stolte havet; når bylgjene reiser seg, ¬stiller du dei.

11. Du knuste Rahab ¬som ein fallen krigar, dine fiendar spreidde du ¬med din sterke arm.

12. Din er himmelen, ¬og di er jorda; du har grunnlagt verda ¬og alt det som fyller henne.

13. Nordheimen og sørheimen, ¬du har skapt dei, Tabor og Hermon ¬jublar over ditt namn.

14. Du har ein arm ¬med veldig kraft, sterk er di hand, ¬di høgre er lyft.

15. Rett og rettferd er grunnvoll ¬for din kongsstol, miskunn og truskap ¬går føre deg.

16. Sælt er det folket ¬som kjenner hyllingsropet og ferdast i ljoset ¬frå ditt åsyn, Herre.

17. All dagen jublar dei ¬over ditt namn, ved di rettferd vert dei lyfte.

18. For du er vår herlege styrke, i din godhug gjev du oss kraft.

19. Vårt skjold er vigt til Herren, vår konge til Israels Heilage.

20. Ein gong tala du i eit syn til dei som var true ¬mot di pakt: «Eg har sett krona på ein helt, reist opp ein utvald krigar ¬av folket.

21. David, min tenar, fann eg, med heilag olje salva eg han.

22. Mi hand skal halda han oppe, min arm skal gje han styrke.

23. Fiendar skal ikkje lura han, nidingar skal ikkje kua han.

24. Hans motstandarar ¬knuser eg framfor han, dei som hatar han, slår eg ned.

25. Trufast og god ¬vil eg vera mot han, i mitt namn ¬skal krafta hans auka.

26. Eg lèt hans velde nå til havet, hans makt til elvane i aust.

27. Han skal ropa til meg: ¬Du er min far, min Gud og mitt ¬frelsande berg!

28. Ja, eg gjer han ¬til min fyrstefødde, til den høgste ¬mellom kongane på jord.

29. Eg held evig fast ¬på min truskap mot han, mi pakt med han ¬skal stå ved lag.

30. Hans ætt vil eg alltid ¬halda oppe, hans kongsstol så lenge ¬himmelen er til.

31. Dersom hans søner ¬går bort frå mi lov og ikkje ferdast etter mine bod,

32. dersom dei vanvørder ¬mine føresegner og ikkje held mine påbod,

33. då straffar eg dei ¬med ris for deira brot, med slag for deira misgjerning.

34. Men mi miskunn tek eg ikkje ¬frå han, min truskap sviktar eg ikkje.

35. Eg vil ikkje vanhelga mi pakt og ikkje endra det eg har tala.

36. Ein gong gav eg ¬ein heilag lovnad, og eg vil ikkje lyga for David.

37. Hans ætt skal alltid leva, og hans kongsstol ¬skal stå for mitt åsyn så lenge sola er til.

38. Han skal vara evig som månen, det trufaste vitnet i skya.» Sela

39. Men no har du vraka ¬den du har salva, støytt han bort i din vreide.

40. Du har gjort om inkje ¬pakta med din tenar, vanæra hans krone ¬og trøtt henne i støvet.

41. Du har rive ned alle ¬hans murar og lagt hans borger i grus.

42. Dei plyndrar han, ¬alle som fer framom, han har vorte til spott ¬for sine grannar.

43. Du har gjeve ¬hans fiendar styrke og gjort alle ¬hans motstandarar glade.

44. Ja, hans kvasse sverd ¬har du late vika, du heldt han ikkje oppe ¬i striden.

45. Du har gjort ende på hans glans og velt hans kongsstol til jorda.

46. Du har forkorta ¬hans ungdoms dagar og sveipt han i skam. Sela

47. Kor lenge, Herre? Vil du løyna deg for alltid? Kor lenge skal din harme ¬loga som eld?

48. Kom i hug ¬kor kort mi levetid er! Kor forgjengelege dei er, alle menneske ¬som du har skapt!

49. Kvar finst den mannen ¬som ikkje må døy, som kan berga seg ¬frå helheims vald? Sela

50. Kvar vert det av dei gjerningar, ¬Herre, som du før har vist oss ¬i din nåde, og som du med eid lova David i din truskap?

51. Herre, kom i hug ¬din tenars vanære! Spott frå folka må eg tola.

52. For dine fiendar spottar, Herre, dei spottar din salvevigde, ¬kvar han går. *

53. Lova vere Herren til evig tid! ¬Amen, amen.

»