Logo
🔍

Salmenes bok 9 N78NN

« Han som hjelper dei hjelpelause

1. Til korleiaren. Etter «Mut labbén». Ein Davids-salme.

2. Eg vil takka deg, Herre, ¬av heile mitt hjarta og fortelja om alle dine under.

3. Eg vil gleda og fagna meg i deg og lovsyngja ditt namn, ¬du Høgste.

4. For mine fiendar drog seg ¬tilbake, dei snåva og gjekk til grunne ¬for ditt åsyn.

5. Ja, du har ført mi sak ¬og min strid, har sett deg på trona, ¬du rettvise domar.

6. Du truga folkeslag, ¬gjorde ende på dei vonde og strauk ut deira namn ¬for evig.

7. Fienden er ferdig, ¬øydelagd for alltid; folket dreiv du ut or byane, og ingen minnest dei meir.

8. Herren tronar til evig tid, han har reist sitt domarsete.

9. Han dømer verda med rettferd, feller rettvis dom over folkeslag.

10. Herren er ei borg ¬for dei trælka, ei borg i trengselstider.

11. Dei som kjenner ditt namn, ¬lit på deg, for du sviktar ikkje dei ¬som søkjer deg, Herre.

12. Syng for Herren, ¬som bur på Sion, kunngjer hans storverk ¬mellom folka!

13. Han straffar dei ¬som er skuldige i drap, men tek seg av dei hjelpelause og gløymer ikkje deira skrik.

14. Ver meg nådig, Herre, ¬og sjå den naud som mine fiendar ¬har valda meg. Du fører meg opp ¬frå dødens portar,

15. så eg kan fortelja ¬om alle dine storverk og jubla over di frelse ¬i Sions portar.

16. Folkeslag sokk ¬i den grava dei grov, deira føter vart fanga ¬i garnet dei sette.

17. Herren openberra seg ¬og heldt dom; dei gudlause vart fanga ¬i si eiga gjerning. HiggajonSela

18. Til dødsriket ¬skal dei gudlause fara, alle folkeslag som gløymer Gud.

19. Men dei fattige ¬vert ikkje gløymde for alltid, dei hjelpelause ¬er ikkje for evig utan von.

20. Reis deg, Herre! Lat ikkje menneske få makta, lat folkeslag få ¬sin dom for ditt åsyn!

21. Set redsle i folka, Herre, så dei skjønar ¬at dei berre er menneske. Sela

»