Logo
🔍

Salmenes bok 90 N78NN

« Lær oss å telja våre dagar!

1. Ei bøn av gudsmannen Moses. Herre, du har vore ein bustad for oss frå ætt til ætt.

2. Før fjella vart fødde, før jorda og verda vart til, ja, frå æve til æve er du, Gud.

3. Du lèt mennesket verta ¬til støv att og seier: «Vend tilbake, ¬de menneskeborn!»

4. For tusen år er i dine augo som dagen i går ¬då han fór framom, eller som ei nattevakt.

5. Du riv menneska bort, dei er som ein svevn. Om morgonen er dei ¬som groande graset:

6. Om morgonen gror det ¬og blømer, om kvelden er det vise og turt.

7. Vi går til grunne ¬ved din vreide, redsle grip oss ved din harme.

8. Våre misgjerningar ¬har du for auga, vår løynde synd vert synleg i ljoset frå ditt åsyn.

9. Alle våre dagar ¬fer fram i din vreide, åra går som ein pust.

10. Vår levetid er sytti år, og åtti år, når styrken er stor. Deira herlegdom er strev ¬og møde; snart er det slutt, ¬vi flyr av stad.

11. Kven kjenner styrken ¬i din vreide, kven ottast deg, ¬så han skjønar din harme?

12. Lær oss å telja våre dagar, så vi kan få visdom i hjarta!

13. Kom attende, Herre! ¬Kor lenge? Ha medynk med dine tenarar!

14. Metta oss med miskunn ¬når morgonen renn, så vi kan gleda og fagna oss ¬alle våre dagar.

15. Gled oss så lenge ¬som du har audmykt oss, like mange år ¬som vi har lide vondt.

16. Lat dine tenarar få sjå ¬di gjerning, og vis din herlegdom ¬for deira born!

17. Gjev Herrens velvilje ¬må vera over oss! Gjev du må fremja ¬våre henders verk, ja, fremja våre henders verk!

»