Logo
🔍

Salmenes bok 91 N78NN

« Under Guds vern

1. Den som sit i livd ¬hjå Den Høgste og bur i skuggen ¬av Den Allmektige,

2. han seier til Herren: ¬«Mi livd og borg, min Gud som eg set mi lit til!»

3. Ja, han bergar deg ¬frå jegerens snare, frå pest som tyner.

4. Med sine fjører løyner han deg, under hans venger finn ¬du livd. Hans truskap er skjold og vern.

5. Du skal ikkje reddast ¬for skræmsler om natta, for piler som flyg om dagen,

6. for pest som snikjer seg ¬fram i mørkret, for sott som herjar ¬middagstider.

7. Om tusen fell ved di side, ti tusen ved di høgre hand, så skal ikkje ulukka nå deg.

8. Du skal berre vera vitne til det og sjå at dei gudlause får si løn.

9. For du seier: ¬«Herren er mi livd.» Den Høgste har du gjort ¬til din bustad.

10. Inkje vondt skal koma over deg og inga plage nå ditt telt.

11. For han skal gje ¬sine englar påbod at dei skal verna deg ¬på alle dine vegar.

12. Dei skal bera deg på hendene, så du ikkje støyter foten ¬på nokon stein.

13. På løve og orm skal du trakka, ungløve og orm ¬skal du trø under fot.

14. «Eg bergar han, ¬for han held seg til meg; eg gjev han livd, ¬for han kjenner mitt namn.

15. Når han kallar på meg, ¬svarar eg; eg er med han i naud ¬og trengsle, eg friar han ut og gjev han ære.

16. Eg mettar han ¬med mange dagar og lèt han sjå mi frelse.»

»