Logo
🔍

Salmenes bok 92 N78NN

« Det er godt å lovsyngja Herren

1. Ein salme. Ein song til bruk på sabbatsdagen.

2. Det er godt å lovsyngja Herren og prisa ditt namn, du Høgste,

3. å forkynna di miskunn ¬om morgonen, din truskap om nettene,

4. til tistrengja sitar og harpe, til tonar frå lyra.

5. Med ditt verk har du gledt meg, ¬Herre; eg jublar over det du har gjort.

6. Kor store dine gjerningar er, kor djupe dine tankar, Herre!

7. Ein uvitug mann ¬forstår ikkje dette, dåren skjønar det ikkje.

8. Dei gudlause gror som graset, alle ugjerningsmenner blømer, men dei skal rydjast ut ¬for alltid.

9. Du, Herre, er høg til evig tid.

10. Men dine fiendar, Herre, dei skal gå til grunne, og alle ugjerningsmenner ¬skal spreiast.

11. Du gjev meg kraft ¬som ein villokse og salvar meg ¬med den friskaste olje.

12. Eg får sjå at mine fiendar fell, eg får høyra korleis det går med ugjerningsmenner ¬som reiser seg mot meg.

13. Men dei rettferdige gror ¬som palmer, dei veks som sedrar ¬på Libanon.

14. Dei er planta i Herrens hus og blømer i vår Guds ¬tempelgardar.

15. Enno i sin alderdom ¬ber dei frukt, friske og frodige er dei.

16. Såleis forkynner dei ¬at Herren er rettvis; hjå han, mitt berg, ¬er det ingen urett.

»