Logo
🔍

Salmenes bok 93 N78NN

« Herrens kongsstol står fast

1. Herren er konge, ¬han har kledt seg i høgd, Herren har kledt seg ¬og butt seg med kraft. Jorda står fast, ¬ho kan ikkje rikkast.

2. Fast står din kongsstol ¬frå gamal tid; du er frå æve, Gud.

3. Frå straumane steig det, Herre, frå straumane steig det ¬eit drøn; det steig eit brus ¬frå straumane.

4. Men herlegare ¬enn den veldige vassflaum, herlegare ¬enn havsens brotsjøar, er Herren i det høge.

5. Dine lovbod er pålitelege. Heilagdom skal pryda ditt hus i lange tider, Herre.

»