Logo
🔍

Salmenes bok 95 N11NN

«

1. Kom, lat oss jubla for Herren, hylla vårt berg som frelser oss!

2. Lat oss gå fram for han med lovsong, hylla han med song og spel!

3. For Herren er ein stor Gud, ein stor konge over alle gudar.

4. Han har jord-djupnene i si hand og fjelltoppane i eige.

5. Havet er hans, han har skapt det, hendene har forma det faste landet.

6. Kom, lat oss knela og kasta oss ned, bøya kne for Herren, vår skapar!

7. For han er vår Gud, vi er folket han gjeter, flokken i hans hand. Ville de berre høyra hans røyst i dag!

8. Gjer ikkje hjartet hardt som ved Meriba, som den dagen ved Massa i ørkenen,

9. då fedrane dykkar utfordra meg og sette meg på prøve, endå dei såg kva eg gjorde!

10. I førti år hadde eg avsky for denne slekta. Eg sa: Dei er eit folk som fer vill i sitt hjarte, dei kjenner ikkje mine vegar.

11. Så svor eg i min vreide: Aldri skal dei koma inn til mi kvile!

»