Logo
🔍

Salmenes bok 95 N78NN

« Høyr på Herren i dag!

1. Kom, lat oss jubla for Herren og ropa høgt ¬for vårt frelsande berg!

2. Lat oss gå fram for han ¬med lovsong og hylla han med song og spel!

3. For Herren er ein mektig Gud, ein stor konge over alle gudar.

4. Han har jord-djupnene ¬i si hand og fjelltoppane i si eige.

5. Havet er hans, ¬for han har skapt det, det faste landet ¬har hans hender forma.

6. Kom, lat oss bøya oss og tilbe, bøya kne for Herren, ¬vår skapar!

7. For han er vår Gud, ¬vi er folket han gjæter, den hjord han leier ¬med si hand. Å, ville de høyra på han i dag!

8. Gjer ikkje hjarto dykkar harde, ¬som ved Meriba, som den dagen ved Massa ¬i øydemarka,

9. då fedrane eggja meg og sette meg på prøve, endå dei såg kva eg gjorde!

10. I førti år hadde eg uvilje ¬mot denne ætta, og eg sa om dei: «Dei er eit folk ¬som fer vilt i sitt hjarta, dei kjenner ikkje mine vegar.»

11. Så svor eg i min vreide: «Dei skal aldri ¬koma inn til mi kvile!»

»