Logo
🔍

Salmenes bok 96 N78NN

« Syng ein ny song for Herren!

1. Syng ein ny song for Herren, syng for han, all jorda!

2. Syng for Herren, ¬pris hans namn, forkynn frå dag til dag ¬hans frelse!

3. Fortel mellom folkeslag ¬om hans herlegdom, mellom alle folk ¬om hans under!

4. Ja, stor og høglova er Herren, meir ageleg enn alle gudar.

5. Alle gudane åt folka ¬er ingenting verde. Det var Herren ¬som skapte himmelen.

6. Høgd og herlegdom ¬er framføre han, makt og glans i hans tempel.

7. Gjev Herren ære og makt, gjev han ære og makt, ¬de folkeætter!

8. Gjev Herren den ære ¬hans namn skal ha! Kom med offergåver ¬til hans tempelgardar!

9. Bøy dykk ned for Herren og tilbed han i heilagt skrud! Skjelv for hans åsyn, all jorda!

10. Sei mellom folka: ¬Herren er konge; ja, fast står verda, ¬ho kan ikkje rikkast. Han dømer folka med rettferd.

11. Himmelen skal gleda seg, ¬jorda skal jubla, havet og alt som er i det, ¬skal brusa.

12. Marka og alt det ho ber, ¬skal jubla, kvart tre i skogen ¬skal ropa av fryd.

13. Dei skal ropa for Herren, ¬han som kjem; han kjem og vil døma jorda. Han skal døma verda ¬med rettferd og folka med truskap.

»