Salmenes bok 97 N78NN
1. Herren er konge! ¬Jorda skal jubla, øyar og strender ¬skal gleda seg.
2. Sky og skodd er kring han, rett og rettferd er grunnvoll ¬for hans kongsstol.
3. Eld går framfor han og øyder hans fiendar ¬rundt ikring.
4. Hans lynglimt lyser opp ¬jordkrinsen, jorda ser det og skjelv.
5. Fjella brånar som voks ¬for Herren, for han er herre ¬over all jorda.
6. Himmelen forkynner ¬hans rettferd, og alle folka ser ¬hans herlegdom.
7. Til skammar vert alle ¬som dyrkar bilete, som rosar seg ¬av gagnlause gudar. Alle gudar må bøya seg ¬for han.
8. Men Sion høyrer det ¬og gleder seg, byane i Juda jublar, Herre, over dine rettferdige domar.
9. For over all jorda er du den høgste, Herre; høgt er du opphøgd ¬over alle gudar.
10. De som elskar Herren, ¬hata det vonde! Han vernar sine trugne og friar dei frå gudlaus hand.
11. Ljos strålar fram ¬for den rettferdige, og glede for dei ¬som er ærlege av hjarta.
12. Gled dykk i Herren, ¬de rettferdige, og lovsyng hans heilage namn!