Logo
🔍

Salmenes bok 98 N78NN

« Bryt ut i jubel og lovsong!

1. Ein salme. Syng ein ny song for Herren, for han har gjort under! Hans høgre hand ¬har gjeve han siger, hans heilage arm ¬har hjelpt han.

2. Herren har gjort si frelse kjend, har vist si rettferd for folkeslag.

3. Han kjem i hug si miskunn og sin truskap mot Israels ætt. Alle folk på jord har sett frelsa frå vår Gud.

4. Lat hyllingsrop lyda ¬for Herren, all jorda! Bryt ut i jubel og lovsong!

5. Syng og spel på lyre ¬for Herren, spel på lyre, ¬medan songen ljomar!

6. Lat hyllingsrop lyda ¬for kongen, Herren, til klangen av trompetar ¬og horn!

7. Havet og alt som er i det, ¬skal brusa, jorda og dei som der bur.

8. Elvane skal klappa i hendene, og fjella skal jubla i kor.

9. Dei skal jubla for Herren, for han kjem ¬og vil døma jorda. Han skal døma verda ¬med rettferd og folka med rettvise.

»