Logo
🔍

Johannes’ åpenbaring 11 N78NN

« Templet og dei to vitna

1. Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der!

2. Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader.

3. Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1260 dagar.»

4. Dette er dei to oliventrea og dei to ljosestakane som står framfor herren over jorda.

5. Og vil nokon skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, om nokon vil skada dei, skal han døy på den måten.

6. Dei har makt til å lata att himmelen, så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar; dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slag plager, så ofte dei vil.

7. Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei.

8. Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest.

9. Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei.

10. Og dei som bur på jorda, skal gleda og fagna seg over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.

11. Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde.

12. Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine.

13. I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandeparten av byen rasa saman, sju tusen menneske vart drepne, og dei som var att, vart forfærde og gav Gud i himmelen ære.

Den sjuande basunen

14. Det andre ve er over. Men det tredje ve kjem snart.

15. Den sjuande engelen bles i basun. Då høyrdest det i himmelen røyster som ropa høgt: Vår Herre og hans salvevigde har fått herredøme, og han skal vera konge i all æve.

16. Dei tjuefire eldste som sit på tronene sine for Guds åsyn, kasta seg ned på andletet, tilbad Gud

17. og sa: Vi takkar deg, Herre Gud, ¬du Allmektige, du som er og som var, fordi du har teke di store makt og vorte konge.

18. Heidningfolka vart harme, men no er din vreidedag ¬komen, og tida då dei døde skal dømast. Då skal du løna tenarane dine profetane, dei heilage og dei som har age ¬for ditt namn, små og store, og øyda dei som øyder jorda.

19. Då vart Guds tempel i himmelen opna, og kista som er teiknet på pakta hans, vart synleg der inne. Og det kom lyn og drønn, torebrak og jordskjelv og store hagl.

»