Johannes’ åpenbaring 12 N11NN
1. Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet.
2. Ho var med barn og skreik i barselsmerter og fødselsrier.
3. På himmelen synte det seg òg eit anna teikn, ein stor drake, raud som eld. Han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner.
4. Halen hans drog med seg tredjedelen av stjernene på himmelen og kasta dei ned på jorda. Draken stilte seg framfor kvinna som skulle føda, for å sluka barnet så snart det var fødd.
5. Då fødde ho eit gutebarn som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans trone.
6. Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud hadde laga til for henne, og der skulle ho i 1260 dagar få den føda ho trong.
7. Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til krig mot draken. Draken kjempa saman med englane sine,
8. men dei vart overvunne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen.
9. Den store draken, den gamle slangen, han som blir kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda, vart kasta ned på jorda, og englane hans vart kasta ned saman med han.
10. Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Sigeren og makta og riket tilhøyrer no vår Gud, og herredømet den han har salva. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot syskena våre for vår Guds andlet.
11. Dei har vunne over han i kraft av blodet frå Lammet og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet så kjært at dei ikkje ville gå i døden.
12. Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men ve over jorda og havet, for djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, for han veit at tida hans er kort.»
13. Då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfølgde han kvinna som hadde fødd gutebarnet.
14. Men ho fekk dei to vengene til den store ørna så ho kunne flyga ut i øydemarka til staden sin, og få den føda ho treng i ei tid og tider og ei halv tid, langt borte frå slangen.
15. Ut av gapet sitt spydde slangen vatn som ei elv etter kvinna for å riva henne bort i straumen.
16. Men jorda kom kvinna til hjelp. Ho opna munnen sin og svelgde elva som draken hadde sendt ut or gapet sitt.
17. Draken vart rasande på kvinna og fór bort for å føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som retter seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus.
18. Og han vart ståande på stranda ved havet.