Johannes’ åpenbaring 14 N78NN
1. I same synet fekk eg sjå Lammet stå på Sion-fjellet, og saman med det dei 144 000 som hadde namnet til Lammet og namnet til Far åt Lammet skrive på panna.
2. Frå himmelen høyrde eg ein lyd som brusen av veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Og lyden var som når harpespelarar spelar på harpene sine.
3. Og dei song ein ny song framfor kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, ein song som ingen kunne læra utan dei 144 000, dei som er frikjøpte frå jorda.
4. Det er dei som ikkje har gjort seg ureine med kvinner, for dei er som møyar. Det er dei som fylgjer Lammet kvar det går. Det er dei av menneska som er frikjøpte og skal vera ei fyrstegrøde for Gud og Lammet.
Tre englar forkynner domen5. Det vart ikkje funne lygn i deira munn; dei er utan lyte.
6. Eg såg endå ein engel, som flaug høgt oppe under himmelkvelven. Han hadde eit evig evangelium å forkynna for dei som bur på jorda, for alle folkeslag og ætter, tungemål og folk.
7. Og han ropa med høg røyst: «Ottast Gud og gjev han æra! For no er timen komen då han skal halda dom. Tilbed han som skapte himmel og jord, hav og kjelder!»
8. Så fylgde ein annan engel etter, og han ropa: «Fallen, fallen er Babylon den store, ho som med sitt horeliv har skjenkt vin til alle folkeslag, ein vreidevin.»
9. Ein tredje engel fylgde etter dei og ropa med høg røyst: «Om nokon tilbed dyret og biletet av det og tek imot merket på panna eller handa,
10. skal han drikka av Guds vreidevin, som er skjenkt ublanda i hans harmes skål; og han skal pinast med eld og svovel for augo på dei heilage englane og Lammet.
11. Røyken frå pinsla deira stig opp i all æve, og dei har ikkje ro natt eller dag, dei som tilbed dyret og biletet av det, og alle som tek namnet åt dyret til merke.»
12. Her gjeld det at dei heilage held ut, dei som held fast på Guds bod og trua på Jesus.
Den siste innhausting13. Frå himmelen høyrde eg ei røyst som sa: «Skriv: Sæle er dei døde som døyr i Herren heretter! Ja, seier Anden, dei skal få kvila frå strevet sitt, for gjerningane deira fylgjer med dei.»
14. Då såg eg ei kvit sky, og på skya sat ein som var lik ein menneskeson. Han hadde ei gullkrone på hovudet og ein kvass sigd i handa.
15. Og ein annan engel kom ut frå templet og ropa med høg røyst til han som sat på skya: «Sving sigden din og hausta inn! For det er skurdtid, og grøda på jorda er fullmogen.»
16. Og han som sat på skya, lét sigden fara over jorda, og jorda vart hausta.
17. Då kom det endå ein engel ut or templet i himmelen; han òg hadde ein kvass sigd.
18. Så kom det ein engel frå altaret; han hadde makt over elden og ropa med høg røyst til engelen som hadde den kvasse sigden: «Sving den kvasse sigden din og hausta drueklasane i verdsens vingard, for no er druene mogne!»
19. Og engelen lét sigden fara over jorda, hausta druene i verdsens vingard og kasta dei i den store vinpressa, som er Guds vreide.
20. Utanfor byen vart vinpressa trødd, og blodet flaut, så det stod opp til beiselet på hestane 1600 stadier borte.